søndag 25. februar 2007

Tikal!

Biletet er av Sigurd og ein "chicken bus", det transportmiddelet dei fleste fraa Guatemala nyttar for aa kome seg fraa A til B. Ein "chicken bus" er eigentleg ein gammal amerikansk skulebuss som er malt om til fargesprakande, guatemalsk standard. Me tok ein kyllingbuss paa fredag fraa San Pedro til Guatemala City, skulle ta 3,5 time, men tok 5. Likevel var det ei kul oppleving.
No er me i byen Flores nord i Guatemala, fulle av inntrykk etter aa ha tilbrakt morgonen i Tikal. Eg veit ikkje heilt kva eg hadde venta meg, men det overgjekk alle forventingar. Me var framme ved parken i halv sjutida, daa var det kjoelig og faa andre turistar. Fyrste inntrykk var: jungel! Parken er eit stort jungelomraade med dyr som slangar, jaguarar, krokodillar, apekattar, pungrottar og papegoeyar. I tillegg til dette kom sjoelve hovudattraksjonen, pyramidane og resten av ruinane. Pyramidane var enorme, men det kule var at det overalt var store grasvollar som var pyramidar som ikkje var utgravde enno. Det var faa andre turistar der paa den tida, saa dei fyrste timane var det Sigurd og eg aaleine i jungelen paa utkikk etter pyramidar.

Ingen kommentarer: