torsdag 22. februar 2007

Gull! (og siste dag i San Pedro)


Utroleg nok tok Astrid gull paa VM-sprinten i dag! Gratulerer, gratulerer! 

I dag er den siste heile dagen vaar her i San Pedro, og det er baade rart og fint. Byen er saapass liten at det er godt aa kome oss vidare, men me har hatt det veldig bra her. I morgon tek me bussen etter skulen til Guatemala City, for saa aa bytte til ein buss til Flores, som ligg heilt nord i landet. Til saman skal denne busskoeyringa ta 12-13 timar (puh!). Planen er saa aa dra til Mayaruinane Tikal paa sundag og aa overnatte i hengekoeyer med myggnett der (det er ganske vanleg). Tikal er nemleg omkransa av jungel, saa det skal vere ganske heftig dyreliv. Paa tysdag/onsdag fer me vidare til Rio Dulce og Livingston, der me skal moete Len og Mikaela, som me har vore ein del med her i San Pedro. Laurdag gaar flyet vidare til Costa Rica fraa Guatemala City. Altsaa: me har ein plan! og trur det blir ganske bra!

I gaar proevde me ut Thermal-bada som finst her i byen. Det gaar ut paa at dei fyller nokre svarte vatnslangar med vatn og let dei bli varma opp av sola foer dei fyller opp basseng med dei. For litt over 20 nok per pers fekk Sig og eg eit badekar for oss sjoelv med glovarmt vatn - digg! (og varmt). 

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei! Pappa'n til S. har vært hos fam. Woxen i kveld. Skal hilse! Vi har sett Markens grøde. Hørte så om den fantastiske turen dere er på nå. Dette må jo være helt fantastisk"
!God tur videre! Beste hilsen Lillian Woxen