fredag 9. februar 2007

Heihei- Trine

Hei

Takk igjen for kommentarar. No sit me paa internettkafe etter den fyrste veka med undervising. Alt i alt er eg veldig noegd og foeler eg har laert mykje, men det har og vore litt frustrerande og vanskeleg, det heile er litt overveldande.

I dag satt laeraren min, Antonio, og eg lenge og snakka om kva skulen driv med, og det er veldig imponerande. Det er jo eit kooperativ, drive av laerarane sjoelv. Elevane paa spraakskulen betaler kring 3 dollar timen, og for det dekkar me undervisinga, loenna til to laerarar paa ein barneskule og mat til 20 familiar som er veldig fattige. I tillegg sparar dei pengar til aa loenne to laerarar til i musikk og gym, av di skulen ikkje har pengar til dette sjoelv. Dei planlegg og eit stort miljoeprosjekt parallelt med dette. Dei vil opne eit vaskeri for bebuarane, saann at dei ikkje vaskar kler i innsjoen, som er ganske forureina fraa foer, og lage materiell for undervising paa barneskulane i naerleiken om baerekraftig drift av omraadet kring innsjoen.

I tillegg tilbyr skulen gratis opplegg paa kveldane for oss som gaar der. Denne veka har det vore film, foredrag om historia til Guatemala og salsakurs. I gaar var Sig og eg paa salsakurs, og det var veldig artig. Eg har ikkje hofter, saa det boey paa litt problem, men me har store planar om aa halde fram neste veke. I dag var eg med Antonio til ein av familiane som faar mat med rasjonen for dei neste to vekeneç: tre-fire egg, litt boenner, olje, litt sukker, mjoel og litt kjoett. Dei er eit ektepar i 60-aara utan noko saerleg familie og helse til aa jobbe nok til aa tjene til det dei treng. Huset deira var rett og slett ei roenne, tre murveggar med ei halvtett tredoer, utan lys og med berre ein stol i rommet. Verka ikkje saerleg bra. Men dei sett veldig stor pris paa stoenaden, det foeltes meiningsfylt. Fint aa gaa paa ein skule som har foeremaal som ikkje er kommersielle, det er skikkeleg bra folk som driv han.

I morgon skal me paa ekskursjon med skulen opp til La nariz del indio, indianernasen, som er ein fjelltopp i naerleiken. Maa byrje klokka sju pga varmen, skal ta med mykje vatn.

Elles har me og brukt dei siste ettermiddagane paa aa spille backgammon, saa langt er det uavgjort mellom oss, men me legg baae mykje prestisje inn i kampen. Vonar de alle har det bra.

3 kommentarer:

Jens Kihl sa...

Kan tenkje meg at du legg ein del prestisje i brettspel, Trine. Korleis Sigurd er på den fronten veit eg mindre om. Er han like håplaus?

Anonym sa...

Hehe, ja, trur me har eit ganske likt konkurranseinstinkt. No leiar Sigurd med 2 spel etter mykje flaks med terningane, arg...Trine

Anonym sa...

Jeg heier på deg, Trine!