No er me i Cuzco, Peru, etter eit langt doegn med reising fraa Guaranda, Ecuador.
Guaranda er ein liten fjellby som ligg 3000 meter over havet og er kjent for aa ha god ost og sjokolade. Fjell, ost og sjokolade-glade som me er, satsa me paa nokre dagar med skikkeleg avslapping der foer vegen skulle gaa vidare til Peru. Resultatet vart litt blanda, veldig interessant, men veldig annleis. Reiseguiden vaar, Lonely Planet, hadde bomma totalt paa prisnivaaet paa dei hostella som verka greie i byen, saa me endte opp paa eit halvgreit rom paa eit hostell me gjekk forbi paa gata. Det var ein saer, saer stad. Resepsjonen var eit bittelite rom med glassvindauge ut til gangen og ei seng. Der satt mor i huset og amma ein nyfoedd unge. Var tydeleg at dei budde inne paa dette lille rommet. Morgonen etter vakna me klokka sju av at dei sto i kvar sin etasje og ropte til einannan. Fem minutt seinare satte dei paa reggaeton-musikk saa hoegt at det dundra i veggane. To dagar seinare vakna eg av at mor i huset i 6-tida stod og ropte "agua caliente, agua caliente! (varmt vatn, varmt vatn)" utanfor rommet vaart. Pussig.
Byen i seg sjoelv var veldig fin, med ein stor plaza og kyrkje i tradisjonell kolonistil. For fyrste gong paa opphaldet vart me skikkeleg stirra paa, som omtrent dei einaste turistane i byen. Den fyrste dagen gjekk eg til det einaste konditoriet for aa spoerre om det var mogleg aa kjoepe ein kaffi for aa ta med, noko eg ikkje noedvendigvis rekna med. Men dei nikka og smilte og sa at det gjekk bra. Fem minutt seinare kom dei ut med ei plastsuppebolle med kaffi og lokk i ein pose. Litt forfjamsa tok eg med meg kaffien paa ein benk paa plazaen for aa lese bok, men der fekk eg ikkje sitje stille. Ein mann i 60-aara, som sa han underviste paa skulen i byen, satte seg ned og byrja aa prate om laust og fast. Etter kvart vart dei fleire og fleire, og dei prata like mykje med ein annan som dei prata med meg, artig aa faa delta i dei politiske diskusjonane til dei gamle mennene i byen, noko eg ikkje trudde skulle hende.
I gaar stod me opp litt foer seks for aa ta buss til Guayaquil, der me hadde fly vidare til Lima om kvelden. Me fekk nokre timar i Guayaquil, og der vitja me ein park midt i sentrum full av iguanar, ei spro oppleving. Av ein eller annan grunn har nokon ein gong satt ut iguanar i denne parken, og saa har dei forplanta seg som berre det. Dei var over alt i parken, paa asfalten, paa graset og i trea. Mange turistar mata dei, og daa noelte ikkje iguanane med aa hoppe opp paa fanga deira. Eg er ikkje saa glad i reptilar, saa det var litt skummelt, men veldig fascinerande. Tok mange bilete.
No er me altsaa i Cuzco, etter ei natt paa flyplassen i Lima. Det gjekk veldig fint, var doegnopne butikkar og restaurantar paa flyplassen og me sov paa skift, men me var slitne daa me kom fram i dag. Cuzco ligg ganske hoegt, og er utgangspunktet for Inka Trail, som er ein firedagars fjelltur til Machu Picchu. Me satsar paa aa gaa fraa torsdag og aa vere her fram til daa. Me har funne eit fint hostell med veranda og flott utsyn over byen, saa dette trur me blir bra.