laurdag 17. februar 2007

Magesjau, salsa og kulturskilnader

Eg no hatt nokre dagar med god, gammaldags magesjau. Heldigvis (takk sjebne!) er det verste over no. Maa innroemme at heimlengselen stod sterkt ei stund, sakna aa ha litt privatliv (bur jo hjemme hjaa ein familie), aa kunne kaste dopapir i do og aa ete norsk mat.

Trass dette har det vore ei fin veke. Me har hatt mykje lekser og nytta ein del tid paa aa sove, men me har verkeleg slaatt oss til ro her i byen den siste tida. No er me mykje tryggare paa familien me bur hjaa, og me har faatt fleire kjente. Spraaket gaar og bra for oss baae. I gaar inviterte skulen til stor middag med alle elevane og alle laerarane, og det var skikkeleg triveleg. Me endte opp med aa gaa ut med ein del av laerarane, ei jente fraa Australia og eit par fraa London, og kvelden endte (for dei andre) med salsadansing paa ein utestad i sentrum. Paa dette punktet maatte eg heim med magen og sove, men me har store planar om aa ta opp dansinga i kveld. Sigurd ligg for oevrig framleis og kviler ut etter gaarsdagen, eg skulle helse. :)

Du spurde om kulturskilnader, pappa, eg veit ikkje heilt kva eg skal svare. Paa mange maatar er dei overraskande smaa i hoeve til familien me bur hjaa. Barneoppdragelsa er ganske lik den norske, og mor i familien ammar ved matbordet. Skilnadene er nok kanskje stoerre kring dei store, tradisjonelle spoersmaala som synet paa familien som institusjon, kyrkja si rolle (her er det vanleg aa gaa i kyrkja fire, fem gonger i veka og det er veldig mykje boenn paa radioen) og hoeve til utdaning. Eg meiner faktisk at dei stoerste skilnadene er ressursar og tilgang til sjoelvsagte ting for oss, som utdaning. Det er veldig vanleg med barnearbeid, rett og slett fordi familien treng det for aa leve, og eit fleirtal av ungane sluttar paa skulen etter det som tilsvarer norsk barneskule. Laeraren min fortalte at for 10 aar sidan fanst det ikkje lege i San Pedro, og det finst framleis ikkje tannlege. Derimot finst det to som praktiserer som "tannlegar" ut i fraa "roeynsle". Huff, det gjeld aa ikkje faa tannpine medan me er her. Faktisk faar ein veldig lyst til aa hjelpe naar ein ser kor mykje dei manglar og kor mykje me har. Eit doeme er elektriske ting, som me byttar i hytt og pine, som er ynskjedroem aa ha her. Me gjekk forbi ein skule ein dag, og der satt ungane og skreiv paa skrivemaskin.

For oevrig er me ganske usikre paa kva me skal nytte dei siste 6 dagane i Guatemala til etter me er ferdig paa spraakskulen neste veke. Eg har veldig lyst til aa reise til mayaruinane i Tikal, heilt nord i landet, og saa til Rio Dulce paa den karibiske kysten opp til smaabyen Livingston. Det vil seie mange, mange timar paa buss, men paa den andre sida er det ikkje saa ofte me er i Guatemala. Eit anna alternativ er aa vere igjen nokre dagar i San Pedro og aa bestige den o store vulkanen som ligg ved sidan av byen. Elles finst det og ein levande vulkan i Antigua me kan gaa opp paa, om me vil gjere det i staden. Me moette ein fyr fraa Oslo som hadde gjort det, og han sa at saalene paa joggeskoa hans hadde smelta. Veit ikkje om det er sant, men det verkar ganske heftig. For oevrig, takk for kommentarar!

6 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Trine! Synd at du fikk mavesjau, men det er vel sikkert noe man må regne med å få når man er der nede. Jeg håper dere passer på å drikke mye slik at veskeinntaket blir stort nok!

Vi har nå vært i Oslo på kino. Jeg syntes filmen var bra( Mars og Venus), men pappa syntes det var litt både og..Det var en film som hadde premiere denne uken.

Ha det bra, og hils Sigurd!
Klem mamma
(lørdag kveld kl 21.30)

Anonym sa...

Hei Sigurd og Trine!
Dere produserer forsatt interessant lesestoff. Ikke at jeg ikke ville tro det da. Ha det fint videre!

Anonym sa...

Hei hei! Utrolig kult å lese bloggen deres, jeg savner Guatemala!!! Men så skal jeg jo til Colombia om en uke da, så jeg overlever vel... Det er godt å høre at dere koser dere og at dere lærer dere spansk,har dere hatt noen interessante samtaler med familiene dere bor hos enda? Det anbefales å prøve å spørre litt; hva syns de om politikken, hva ønsker de seg, hva liker de og hva liker de ikke med situasjonen sin. det er vanskelig, men vel verdt det å snu middagssamtalene inn på den typen tema! Vertfall fikk jeg veldig mye ut av det... Ellers anbefaler jeg Tikal og Livingston på det sterkeste.Tikal fordi det er flott og fordi det er gøy å slenge seg i lianer i jungelen, Livingston fordi det er som å være på en karibisk øy,du glemmer nesten at du er i Guatemala! Da kan dere bo på hotel Doña Alida, der trivdes hvertfall vi godt. kos dere masse, uansett hva dere velger. Jeg gleder meg til videre oppdateringer:) Jeg koser meg i Oslo og forrige uke laget Janne og jeg supergod og fancy thai-mat med Nora. Namnam. Stor klem fra Ebba

Anonym sa...

Hei Srine og Tiggurd

En kort hilsen fra meg som bare vil si at jeg nærmest er sint av misunnelse, men likevel storsinnet nok til å virkelig håpe dere får den beste turen noensinne. Det er første gang jeg virkelig har føt meg gammel når jeg nå ønsker "de unge" lykke til på reisen, men gammel er helt greit. Takk for sist forresten!

Klem fra walter

Anonym sa...

takk for sist =)
Forventer stor fest etter 10. mai

Triggurd

Jens Kihl sa...

Er det vulkangåinga som har gjort at de har smelta saman til ein person, Triggurd? Og er det lov å kalle dykk Triggis?