fredag 2. februar 2007

Endeleg i gang!

Endeleg har turen byrja! Og han har byrja paa ein veldig lovande maate, me har ikkje faatt alvorleg magesjuke, me har ikkje blitt rana, humoeret har vore godt og ingen av flya vaare har styrta. No er me i Antigua, Guatemala, og nyt livet her. Antigua er, saa vidt eg har forstaatt det, den gamle hovudstaden i Guatemala og staar paa UNESCOs verdsarvliste. I dag baserer han seg fyrst og framst paa turisme, noko som preger bybiletet. Men det er likevel ei roleg stemning her, folk luntar rundt paa gatane, me har vore noedt til aa jekke ned gaatempoet ganske mykje for aa gli inn. Det er mange fine bygg her, saa i dag har me nytta formiddagen paa aa gaa rundt i sentrum og sjaa paa folk og bygg. Faktisk saa satt me over ein time paa ein benk i parken i sentrum og berre saag paa folk, noko som var veldig fint. Antigua er kjent for aa ha mange spraakskular, og det ser ein ved at det overalt gaar par med ein turist og ein guatemalar for aa laere turisten spansk. Verkar som dei gjer mykje anna enn berre aa sitje med boekene, og det er lovande.
Klimaet er superdigg, litt over 20 gradar, saa det er godt og varmt utan at det vert slitsamt. I gaar reiste me til Guatemala City fraa Mexico City, og det var ein vanvittig overgang i flyplasstandard. Mexico City overraska oss og veldig. Me hadde forventa ein enorm, slitsam, braakete, forurensa by med skyhoege bygg, men fekk ein enorm, luftig, groenn by der det var kjempefint aa gaa rundt i gatane. Storleiken paa byen forstod me ikkje foer me floey over byen paa veg til Guatemala. Vonar alle har det bra heime, me koser oss i alle fall og foeler oss veldig trygge.

2 kommentarer:

Kjersti sa...

Åhhh! Jeg er så misunnelig! :) Lago Atitlan er fantastisk fint, dere kommer til å kose dere masse! Gleder meg til oppdateringer! Klem til dere begge! Kjersti

Gulla sa...

Hallo Trine og Sigurd!
Kjempemoro å lesa reisebloggen. Vi fylgjer med dere kvar dag og unner dere flotte opplevingar.Lykke til med spansken.vHer har vi vore på skogstur med snø og bål... Klem frå Gulla og Martin.