torsdag 15. mars 2007

No er me i Baños, Ecuador, og det trur eg er ein av dei finaste stadane me har vore til no. Baños er ein smaaby som ligg rett under ein aktiv vulkan, noko som gjer at den har fleire varme kjelder det er supert aa bade i. Naturen her er veldig valdsam, masse hoege fjell og store fossar. Faktisk er vulkanen meir aktiv enn han har vore paa lenge, gjer at mange kjem hit for aa sjaa utbrotet. Byen er veldig prega av mykje turisme, anten folk som kjem for aa bade i kjeldene (mange pensjonistar) eller folk som nyttar byen som utgangspunkt for friluftsaktivitet. Paa kvart hjoerne er det turoperatoerar, ein kan velje og vrake i gjeremaal.

I gaar stod Sig og eg opp kvart paa sju (!!) for aa bade i dei varme kjeldene foer me for paa sykkeltur. Det er ei veldig vanleg rute aa sykle herifraa til ein by som heiter Puyo og ligg 60 km unna, 1200 hoegdemeter laagare. Bilvegen gaar gjennom ein fantastisk dal, og paa vegen kan ein kjoere fleire taubanar, sjaa enorme fossar i jungelen og hoppe i strikk. Me hoppa ikkje i strikk, men me tok taubane, stoppa mykje og sykla litt over halvvegs til Puyo - ein sjukt fin tur.

I dag har eg ridd (!) til eit utkikkspunkt over byen, tok fire timar, brukte nokre nye musklar daa, medan Sigurd no er paa ettermiddagstur med firhjuling med to andre norske gutar fraa hostellet. Rituren var ei blanda oppleving - fantastisk natur, men eg foelte meg ikkje veldig trygg daa guiden ville at me skulle galoppere opp bakkane. I morgon har me planar om aa dra paa rafting - spanande (skal vere forsiktige, mamma og pappa :).

Til no har Baños vore fantastisk bra, alltid noko aa gjere. I tillegg bur me paa eit bra, billig og sosialt hostell, saa det kan nok hende at me blir her ei stund.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hei! Det hørtes veldig bra ut å være i Banos! Dere får oppleve og se mye! Det var sikkert artig/skummelt å ri på hest.Det er ca 10år siden du Trine gikk på ridekurs i Trøndelag, så det var sikkert en del gammel lærdom som måtte gjenoppfriskes.
Artig også med sykkeltur!
Jeg lurte på hvor langt er det nå til Guayaquil hvor dere skal ta fly ifra den 23.03. over til Peru? Tar dere buss dit? Er det i Peru dere skal gå i de høye fjellene?
Kos dere videre, og bad mye i de varme kildene! Det er sikkert bra både for kropp og sjel!
(Se ellers mail!)
Klem fra mamma Grete

Anonym sa...

Hei mamma!
Det er cirka fem timar med buss fraa Baños til Guayaquil. I overmorgon tenkjer me aa ta buss til Guaranda og Salinas, som er to smaa fjellbyar kjende for veldig god heimelaga ost og sjokolade. Me reiser stort sett alltid med buss, er billig og bra. I Peru tenkjer me aa gaa Inkatrail til Macchu Picchu, det er ein firedagarstur i ganske hoege fjell, saa det blir spanande. Dei fleste klarar seg kjempefint, trur 1 av 10 blir hoegdesjuke. Men ein har guide og folk som ber sekken din og lagar mat til deg, saa ein skal fokusere paa gaainga, blir sikkert ei kjempeoppleving, gler oss! I dag har me forresten rafta, utruleg artig. Trine

Anonym sa...

Hei! Jeg fikk akkurat adressen til bloggen deres av Carlos. Spennende å lese om hvordan dere har hatt det - fikk veldig lyst til å reise til Guatemala og Baños, det hørtes veldig fint ut! Hørte Carlos hadde fått fine blomster av dere:)han sa at dere snakker bra spansk.Blir spennende å følge med på turen videre! Hilsen Eirunn