onsdag 7. mars 2007

HeiNo er me i Jaco, Costa Rica, eit skikkeleg surfeparadis. Me bur paa eit hostell som har skap til surfebrett, men ikkje safe. Seier litt om prioriteringane. Dei siste dagane har gaatt ultrafort, det er saa utroleg fint aa vere paa reise og oppleve nye stader heile tida. Livingstonopphaldet vart avslutta med sykkeltur til nokre vatnfall inne i jungelen, var skjoent aa sjaa fuglelivet og bade i kjoeleg vatn. Det har blitt eit luksusproblem at havet har vore for varmt til at me blir kjoeligare av aa bade.Elles bur me paa eit snodig, men fint hostell, det er drive av ein harley davidson biker-type, med saann typisk bikerflette, fraa Texas, USA. Han lever paa trygd, hoerer veldig mykje paa hard rock og bur der med far og sonen sin, som for oevrig bruker mykje fritid paa aa spele voldelege tv-spel. Stua deira er same rom som resepsjonen og kjoekenet. Foeles litt som aa bu i ein familie igjen, men dei er veldig avslappa og gjestfrie, saa me har det bra.Dei siste dagane har me faktisk hatt det ekstra bra, av di me har hatt eit kjoeken tilgjengeleg og ein supermarknad over gata. Etter ein maanad paa reise, har me ikkje sett anna enn tradisjonelle marknader eller smaa kioskar med stivhoege prisar, difor har me spist mykje middag ute. Men no kan me altsaa lage den maten me vil, billig. Interessant aa finne ut at eg her foeretrekk aa finne ein matbutikk som er kliss lik den heime, framfor aa gaa paa marknaden og prute (og ofte bli lurt). Costa Rica er altsaa veldig vestlig, og veldig tett knytta til USA. Akkurat no kryr det av amerikanske studentar som er paa springbreak her.For oevrig maa eg skryte litt av storebror, som har vore paa Dagsrevyen, stilig! Saag klippet utan lyd, men det verka veldig bra det eg leste i avisa om saka. Klippet ligg her: http://www1.nrk.no/nett-tv/indeks/89059 og ein artikkel ligg her: http://www1.vg.no/teknologi/artikkel.php?artid=156188 . "Stolt soester". No maa eg stikke, Sigurd ventar. Vonar de alle har det bra.

Ingen kommentarer: