laurdag 14. april 2007

Tango og vin

Endeleg kom me fram til Buenos Aires i gaar, etter to doegn med 26 timars busskjoering, mellom anna ein tur paa 6 timar fraa Uyuni til Potosi der me maatte staa/sitje i midtgangen. Me har gleda oss veldig mykje til aa kome hit, og foerebels ser det veldig bra ut. Dette er ein skikkeleg storby, men i den lille biten me har gaatt har me funne mykje bra. I gaar var me paa kino (for aa slaa i hjel kvelden foer middagstid, her gaar folk tidligast ut og et middag klokka 10, helst elleve, og det er ikkje liv paa nattklubbane foer to, tre) foer me fann ein super, stappfull vinbar og drakk vin og aat ost. I kveld skal me proeve oss paa biffen.
Sidan sist har me moett Silje Strand i La Paz, fekk sett henne eit par timar foer me maatte springe til bussen, men det var supert aa sjaa eit kjent fjes. Me har vore paa tredagars jeeptur i saltoerkenen Salar de Uyuni og sett store saltsletter, enorme kaktusar, flamingoar, mangefarga sjoear og geysirar. Dei siste dagane har me altsaa stort sett vore paa buss paa veg til Santa Cruz for aa rekke flyet hit. Alt i alt var Bolivia kjempespanande, kanskje det som har vore mest annleis fraa ting heime. Bilete kjem snart.

3 kommentarer:

Jens Kihl sa...

Hei og lenge sidan sist! Her er det full rulle i organisasjonslivet. Tango og vin høyrest ut som ein god kombinasjon - får vi bilete av det òg? I dag kjøpte eg ein voksduk. Då følte eg meg gamal.

Anonym sa...

Hei Jens!
Gratulerer med dagen som var! Hadde du ei fin feiring? Kvifor kjoepte du voksduk? Me gler oss mykje til aa kome heim for tida, planlegg fest paa furuset 19. mai med filmantrekk-tema, hald av dagen no.
Trine

Anonym sa...

Hei! Her kommer en hilsen fra oss som er i Alanya i Tyrkia ! Vi haaper det er bare bra med dere. Dere faar pröve aa slappe av litt naa etter den strabasiöse turen dere har hatt over dıt dere er naa.
Vı har ıkke helt det store fınveret med oss her nede.men faar ordnet en del praktiske ting med leilıgheten! Ha det bra! Grete (mamma)