fredag 6. april 2007

Sigurd sine hoener


Marie, fraa Vinje, som var med paa turen, er veldig glad i dyr og nytta alle hoeve til aa mate dei dyra me moette. Etter kvart smitta vana over paa oss, her ser du Sigurd som matar hoenene me moette ved ein kiosk tredje dagen. Tredje dag gjekk me i noko dei kallar "cloudforest", ein slags regnskog som ligg hoegare opp enn den vanlege regnskogen. Denne dagen saag eg ein slange, noko som gav meg eit lite nervoest samanbrot ei lita stund, men me kom oss vidare. Fraa det punktet maatte Sigurd gaa fyrst paa stien og vere "slangevoktar". Han saag ein til, som han klarte aa skjule for meg, heldigvis. Trass frykten, var det ein super dag i solskin.

Ingen kommentarer: