fredag 6. april 2007

Lukke


Dette var det lukkelegaste punktet paa turen. Den andre dagen regna det og regna det og regna det medan me gjekk opp til den hoegaste toppen. Me hadde med oss fire (!) baerarar som skulle bere sekkane vaare. Tre av dei var med for fyrste gong og sleit veldig fysisk med aa henge med, saa me maatte gaa sakte for aa vente og samtidig ikkje verte kalde, litt kjedeleg, sidan dei hadde dei toerre klera vaare. Daa me hadde gaatt i fem timar, var me svaltne og kom fram til dei fyrste husa etter Soraypampa. Der var dei veldig snille og lot oss sitte og toerke paa kjoekenet deira i tre timar medan me venta paa berarane, noko som var skikkeleg godt. Daa me gjekk ut av teltet i 4-5-tida, hadde det lysna og me kunne endeleg sjaa Salkantay, det hoege fjellet taaka hadde skjult for oss heile dagen.

Ingen kommentarer: